Duoen har samarbeida musikalsk i nærare 30 år i ulike prosjekt, og i
2007 gav dei ut albumet ”Den blide sol” (NORCD) religiøse folketonar
fortrinnsvis frå vestlandet, i eigne arrangement. Nominert til
Spellemannprisen.
No har dei gjort ei ny duoinnspeling med salmar, og denne gongen er alle
folketonane frå Voss. Berit Opheim har henta fram mange religiøse
folketonar frå ulike folkemusikk-arkiv, mange av dei nedskrivne på
notar av Olav Sande. Mest sannsynleg har dei ikkje vore i bruk på nærare
hundre år. Det er ekstra verdifullt å henta fram og gje liv til denne
vakre musikken. Her er kjende salmetekstar som ”Krist stod opp av døde”,
”Nu rinner solen opp av østerlide ”, ”Nu hviler mark og enge” og mange
fleire. Berit Opheim har funne fram eldre lydopptak og
notenedskrifter. Salmetekstane er stort
sett skrivne av kjende salmediktarar, men dei fleste melodiane har
lenge vore ubrukte. Det er no avdøde songkjelder som har forvalta
denne songtradisjonen. Her er det melodiske perler på rekkje og rad.
Berit seier: "Det er ei stor glede å få presentere
dette ukjende musikalske materialet til eit større publikum, og det er
med stor takksemd til dei som forvalta
og song desse folketonane me formidlar dei vidare".
Sigbjørn og Berit har spelt mange duokonsertar opp gjennom åra og
musikken utviklar seg heile tida, slik er det også med dette nye
repertoaret, det utviklar seg ved bruk, og improvisasjonselementet er
alltid sterkt tilstades.
Grete Pedersen har produsert saman med Karl Seglem. Innspelinga er gjort
i Vangskyrkja på Voss med Tor Magne Hallibakken som lydteknikar.
Mastering ved Espen Høydalsvik hos Oslo Fuzz