«Høge brelle» endeleg tilbake på vinyl
Albumet frå Hovdebygda slo ned som ei bombe då det kom den 8. mars 2004. Den norske rapscena reagerte splitta; mange vart glade, andre forvirra, nokre til og med fornærma.
Men med populære songar som «1, 2, 3, fyre», «Rist med raua» og «Snop (med Sirkel Sag)» vart den originale og merkelege plata ein brei suksess med 10.000 selde CD-ar. Etter kvart var dei 500 LP-ane også selde, og brukte eksemplar har gått for svært høge summar i mange år.
No kjem endeleg eit nytt opplag. Men det er ikkje berre eit gjenopptrykk. Plata er remastra og kutta til vinyl av DJ Sotofett, som har oppdatert lyden og fått fram ein feitare bass. Bonusmaterialet frå førre utgåve er også fjerna for å gi meir plass og derfor betre lyd til det eigentlege albumet. Og på innerposane har me trykt tekstane til alle låtane (dei var verken tilgjengelege på førre utgåve eller CD-en).
FFO: Sirkel Sag, Thirstin Howl III, Dirty Oppland, Kjartan Lauritzen, Tungtvann, Skatebård