"Det er inn til hjartet. Denne musikken er sjølve grunnlaget for det eg har skapt, både som tenorsaxofonist, bukkerhornspelar, komponist og arrangør. Det arbeidet eg har lagt ned i å frå "øyre til øyre" læra hardingfeleslåttar, og å ha spelt saman med hardingfele i over 30 år, har skapt min musikalske identitet, mitt språk. Også som improvisator, som jazzmusikar. Eg har spelt inn 32 slåttar solo tenorsax" Karl Seglem
Tenorsaxslåttar er pionér-arbeid. Hardingfeleslåttar blir spelt på, arrangert for, og notert ned for blåse-instrument (B). Det blir gjeve ut ei notebok med 32 slåttar parallelt med LP.
Materialet er unikt, og det er Seglem sin måte å formulere kva han meinar er tradisjon, med eit ønske om å vidareformidle den, gje andre muligheitane til å bli kjent med tradisjon, spela den, arrangere den, dansa til den, ja bruka den. Den raude tråden i såkalt tradisjonsmusikk handler også om å ha interesse for det å fortelja. Interesse for eigen kultur, eigen musikkarv, som kjem frå noko større. Seglem rir ikkje på ei norsk folkemusikk-bølgje, han er ein av grunnane til at den er her, ikkje minst gjennom det arbeidet og den musikken trioen Utla spelte og lydfesta på mange album frå 1990 og opp gjennom 2000 talet.
Opptak og mix: Tor Magne Hallibakken, Svenkerud 2024-2025. Mastering: Espen Høydalsvik Oslo:Fuzz 2026. Foto: Oddleiv Apneseth Cover: Kåre Thomsen. Takk til Håkon Høgemo, Steinar Lægreid (kvil i fred), familien min, Idar Torskangerpoll, Tor Magne Hallibakken, Espen Høydalsvik, Kåre Thomsen, Oddleiv Apneseth