Det ambisiøse storbandet OJKOS («Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo») er ute med sitt første album «alea iacta est» («Terningen er kasta») 29.mai. Komponist Andreas Rotevatn er utdanna på Grieg-akademiet og har med anna spelt med Razika i 5 år. Nordfjordingen var ein sentral person i grunnlegginga av OJKOS i 2018, dei starta øvinger på høsten og allerede i oktober hadde dei sin første konsert på Victoria Nasjonal Jazzscene. Dette har seinare utvikla seg til ein konsertserie som har gått ein gong i månaden på Victoria- kvar gong med nye komposisjonar av dei ulike medlemmane.