Etter å ha gjeve ut fleire plater med band som Kjorstad brothers, Morgonrode, Reolô og Vassvik kjem Rasmus Kjorstad ut med si fyrste soloplate. På plata spelar Kjorstad fele, oktavfele og langleik.
Det har aldri før vore gjeve ut plate med tradisjonelt langleikspel frå Gudbrandsdalen. Langleiken som vart brukt under innspelinga hadde ikkje sett dagsljos på over 130 år før Rasmus bles støv og spindelvev av klenodiet. Antakeleg bygt av ein lokal finsnikker på oppdrag frå ei på nabogarden der Rasmus voks opp. Skalaen på langleiken er langt unna dagens standard og ein kan lure på kva som har skjedd på alle dei åra.
Plateselskapet seier: “Allereie på den fyrste demoen som vi fekk for fleire år sidan, merka vi oss ein usedvanleg musikalitet i Rasmus. Ta:lik er svært fornøgd med å kunne stå bak denne utgjevinga.”