Som eit resultat av Kjell Tore Innervik (slåttetromme) si forskning på slåttetrommetradisjonar kobla til meisterspelemann Håkon Høgemo (hardingfele) sitt enorme repertoar av slåttar i hovudsak frå Sogn, Voss, Valdres og Bergensområdet føreligg no ei heilt ny og banbrytande innspeling av norsk folkemusikk.
Hardingfele med trommerytmefølgje. Kraftfullt, drivande, suggererande musikk svært få har høyrt før. Sjølv om mange av slåttane er kjende og mykje brukt framstår dei i dette samspelet som både større og høgst levande, i vår samtid. Nok ord. Denne musikken må lyttast til - OG: dansast til –
Singelen "rudl etter Ola Mosafinn" kjem 7 mars. Album/LP på Håkon Høgemo sin 60-års dag 4.4.2025.