Det er ei stor glede å presentere Motvind Records si fyrste dobbeltskive. Halvtanna år sidan debutplata kjem Andreas Røysum Ensemble med ein forrykande oppfølgjar som satsar høgt og femner vidt – ein heseblesande 75-minutter med tett ensemblespel, hylande soloar og mystiske undertonar. Med eit fint utval av Skandinavisk jazz' unge generasjon musikarar ombord går denne skuta for full maskin om dagen.
Audun Vinger skildrar musikken fint i sine entusiastiske liner notes:
«Man kan så klart assosiere til sjamanistisk, åndelig og, i ordets norske betydning, spirituell jazz opp gjennom musikkhistorien når man hører lydene på dette albumet. Østlig inspirasjon og etiopiske groover likeså. Men det er også noe unektelig norsk over bandets abstrakte ekspresjonisme, og det som fester seg i denne pannebrask under lytting på Fredsfanatisme er det oppvakte møtet mellom abstrakt moderne kunst og noe dypt fundert i den norske naturen.»
Besetning: Henriette Eilertsen – fløyte; Signe Emmeluth – altsax; Marthe Lea – tenorsax; Andreas Røysum – komposisjonar, klarinett, bassklarinett og kontrabassklarinett; Hans P. Kjorstad – fele; Joel Ring – cello; John Andrew Wilhite-Hannisdal – kontrabass; Christian Meaas Svendsen – kontrabass; Ivar Myrset Asheim – trommer og perkusjon