MOT13 LP

Naaljos Ljom Naaljos Ljom

LP
Katalognr. MOT13LP
Buy at shop.fysiskformat.no
Høyoppløste bilder:
MOT13 LP
Sporliste
1. Gorrlaus - 06:28 (NORX92113010)
2. Langeleikslått - 04:50 (NORX92113020)
3. Homslien - 07:03 (NORX92113030)
4. Galne Visten - 05:04 (NORX92113040)
5. Uppstaden - 08:32 (NORX92113050)
6. En venn jeg havde meg en tid - 03:31 (NORX92113060)

Nokon gonger dukkar det opp eit band som har vridd og vrengt så mykje på eit musikalsk materiale at det høyrest nytt ut. Skjønt, ingen kan vel finne opp noko heilt nytt, det er som oftast tydeleg at det kjem frå ein stad, men altså like tydeleg på at det er på veg over til ein annan stad. Midt på dette punktet i transformasjonen, på denne fjellovergangen mellom støvete voksrullopptak og strobebelyste nattklubbanlegg, står vi på når vi høyrer debutplata til duoen Naaljos Ljom. Dei er kjende frå bråkete band som MoHa! og Ultralyd som dei har turnert over store deler av Europa, samt deler av USA, Asia og Australia med. No har dei forska på tonalitet og rytmikk i den tradisjonelle norske folkemusikken og kledd den opp i ein elektronisk dansemusikkbunad.

Var det uforutsett at sjangeren «tradisjonell norsk mikrotonal elektronisk dansemusikk» skulle dukke opp no? For følgjarar av nytolkingar av norsk folkemusikk dei siste åra er nok svaret nei. Tradisjonen er i høgste grad levande og aldri har det vel vore så mange utøvarar av den som i dag. Og med ein så rik musikktradisjon er det uunngåeleg at sjangeren blir gjenstand for eksperimentering og vidare utforsking. Hadde nokon som levde i folkemusikkmiljøet på 1920-talet eller 1820-talet gjort ei tidsreise og hamna ved eit stereoanlegg her på 2020-talet med Naaljos Ljom på full guffe ville nok vedkommande synt interesse. For tonane og rytmane er i stor grad dei same.

Hovudintensjonen med serien «Perspektiv på norsk folkemusikk» er å invitere nye lyttarar inn i varmen frå den norske folkemusikktradisjonen. Arkiva er fulle av godbitar og rundt om i landet fins sterke utøvarar i hundreårgamle tradisjonsliner. Dette er også Naaljos-karane klare over:

Me har prøvd å sjå musikken frå andre vinklar ved å nytte andre register, spele melodien i eit mykje saktare tempo eller utifra ei anna underdeling. Dette har me så blanda i hop med element frå elektronisk dansemusikk, ein idé som grunnar i det faktum at tradisjonsmusikken fyrst og fremst blei spela til dans i gamle dagar.

Dette er våre tolkningar utifrå våre musikalske preferansar og det finst nok like mange måtar å gjere dette på som det finst tonar og skalaer. Me håper at det kan vera til inspirasjon for andre som har tenkt liknande tankar. Vil ein høyre den levande tradisjonen, så er det berre å ta turen til ein av dei mange dalar og fjordar der folk framleis held tradisjonen i hevd.

Eit nytt perspektiv på norsk folkemusikk her altså. Tradisjonell norsk mikrotonal elektronisk dansemusikk. Eller «proper acid folk» som nokon sa. Vi gjev dykk: Naaljos Ljom!