Runar Gudnasons prisvinnande film frå 2023, Eg har ord er ein leikande og musikalsk dokumentarfilm om ord; lyden av ord, meininga av ord, og alt som skjer der imellom. Det er òg ei personleg forteljing, der Side Brok-rapparen prøver å finne ut kvifor han vart rappar, og korleis han prøver å få tilværet til å henge i hop – ved hjelp av rim. Filmens originale lydside og rimande voice over kjem no som soundtrack på pinaDgreitt records.
Hiphop-beats, jazz, spoken word, rap og brotstykke av intervju frå filmen blir til ei eiga forteljing, utan ferdige bilete. Songen Alle i live, som Gudnason og sonen Sigurd prøver å lage i filmen, og som blir ein sentral del av handlinga, er også med.
Plata inneheld i tillegg eit bonusspor, laga i etterkant og inspirert av filmen. Her har Gudnason samarbeidd med sin gamle ven og medverkande i filmen, den danske rapparen og dancehallartisten Raske Penge.
Eg har ord gjekk på kino og filmfestivalar i 2023, men kan framleis nytast på Filmbib og NRK.
FFO: Side Brok, Raske Penge, Sirkel Sag, Guru